NTB gd M97pq F Ns4 1
SATELITT: Ein modell av Norsat-4 i faktisk storleik saman med kystdirektør Einar Vik Arset. Foto: Gro Kibsgaard/Kystverket
Kort fortalt

Ser deg frå verdsrommet

Kystdirektør Einar Vik Arset kan følgje med deg frå oven.

NPK
14.01.2025

NPK: Tysdag kveld er det klart for å sende Kystverkets nyaste satellitt, Norsat-4, opp i bane rundt jorda. Satellitten skal bidra til å betre Noregs evne til havovervaking for trygg skipstrafikk i norske farvatn.

Satellitten som no skal skytast opp er ein såkalla mikrosatellitt. Den er berre 30 x 31 x 45 centimeter og veg berre 34 kilo. Satellitten er eigd av Kystverket, og inngår i Kystverkets romprogram for å styrkje norsk havovervaking.

– Vi tek oppgåva med å drive sivil-maritim havovervaking på stort alvor. Norsat-4 er eit viktig tilskot til den tekniske infrastrukturen vår, seier kystdirektør Einar Vik Arset i ei pressemelding.

– Den styrkjer Noregs evne til å halde oversikt over kva som går føre seg i havområda våre, noko som er av ekstra betydning i det geopolitiske klimaet vi har i dag, understrekar han.

Satellitten skal samle informasjon om identitet, posisjon og fart frå skip i norske farvatn. Det sender han til jordstasjonar i Vardø og Tromsø. I tillegg har han eit nyutvikla låglyskamera som skal kunne fotografere skip som har slått av AIS-sendaren sin. Å slå av AIS-sendaren og på den måten la vere å samarbeide med maritime styresmakter, strir mot internasjonale reglar for skipstrafikk.

 

Publisert: 14.01.2025 14:36

Sist oppdatert: 14.01.2025 15:02