Kort fortalt

Ser nærare på snøkrabbefangsten

Vil ha heilskapleg vurdering av snøkrabbe-fangstI.

NPK
16.05.2022

Nærings- og fiskeridepartementet har gitt Fiskeridirektoratet i oppdrag å vurdere om fangsten av snøkrabbe bør regulerast på ein annan måte enn i dag.

Bakgrunnen for oppdraget er at totalkvoten på snøkrabbe blir fangsta opp innanfor ein kortare tidsperiode enn tidlegare, og at mange fartøy har løyve til å fangste snøkrabbe. Samstundes er det klart at berre ein liten del av dei som har løyve, faktisk deltek i fangsten.

Snøkrabbeløyve blir i hovudsak gitt til fartøy som har eit anna driftsgrunnlag enn snøkrabbe. Dette skjer i form av eit spesielt løyve eller deltakarløyve. For dei reiarlaga som har investert og deltek i denne fangsten, har fangst av snøkrabbe utvikla seg meir i retning av å bli ein spesialisert fangst, heiter det i ei pressemelding frå departementet,

– Utviklinga i fangst av snøkrabbe dei seinare åra, gjer at eg meiner det er på tide å sjå nærmare på reguleringa. Vi har ei heilt open tilnærming til desse spørsmåla og er opptekne av å få meir kunnskap på bordet før vi avgjer om fangst av snøkrabbe skal regulerast på ein annan måte, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Publisert: 16.05.2022 15:39

Sist oppdatert: 16.05.2022 15:40

Mer om