Kort fortalt

Ser på gratis båtruter

Frp synst utgreiinga tar for lang tid.

NPK
28.01.2022

Regjeringa reknar på kor mykje det vil koste å innføre gratis båtruter til øysamfunn utan fastlandssamband, men utrekninga lèt vente på seg.

Det er stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) som har bede samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) om ei slik utrekning, etter at ministeren tidlegare har sagt at dette ikkje er prioritert.

Njåstad peikar på at mange reagerer på dette og at det truleg større distriktsutfordringar for desse samfunna enn for dei som har ferjetilbod. Han meiner ei slik utrekning er viktig å ha til framtidige budsjett og vurdering av tiltak for distrikta.

Nygård har tidlegare antyda at utrekninga skulle vere klar 26. januar, men har no bedt om betre tid.

– Utgreiinga har reist fleire spørsmål som framleis ikkje er løyste, til dømes knytt til om berre delstrekningar av ei rute skal vere gratis, korleis ein handsamar område som blir opererte av både ferje og hurtigbåt, om ein skal ta med veglause samfunn som ikkje er øyer, eller som er veglause berre delar av året (pga. vinterstengt veg). Utilsikta etterspurnadseffektar må og vurderast slik at ikkje ein liten lokalbåt blir fylt av cruiseturistar fordi det er gratis, skriv samferdselsministeren.

Publisert: 28.01.2022 15:18

Sist oppdatert: 28.01.2022 15:20