Kort fortalt

Serveringsbransjen mest utsett

Ùtelivs-tilsette mest utsett for koronasmitte-

NPK
19.03.2021

NPK-NTB: Framleis er det tilsette i utelivsbransjen som har høgast del med koronasmitte, viser oppdatert statistikk frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Tala, som no er oppdaterte frå årsskiftet og til og med 12. mars, viser at det er fleire registrerte tilfelle av koronasmitte blant kafé- og gatekjøkkenmedarbeidarar, bartenderar, servitørar og dessutan blant taxi-, buss- og trikkesjåførar enn det er mellom anna yrkesaktive.

Samtidig viser statistikken at barnehage- og skulefritidsassistentar, barnehagelærarar og grunnskulelærarar har høgare smitteførekomst enn andre i yrkesaktiv alder.

Spesielt gjeld dette for personar som bur eller jobbar i Oslo – der smittetrykket har vore stigande i lengre tid.

For lærarar i vidaregåande skule og universitet/høgskule ligg talet på smitta derimot under snittet, både i Oslo og landet elles.

Studien seier ingenting om kvar dei tilsette er smitta og har heller ikkje sett på forskjellar knytt til dei nye virusvariantane.

Publisert: 19.03.2021 07:52

Sist oppdatert: 19.03.2021 07:54