Haramskonferansen vert arrangert for trettande gong. Årets tema er «Vekstkraft», som viser til verdsbiletet og kapasiteten til å utvikle seg, og kva dette betyr for ein liten, open økonomi som Norge.
– I år tek Haramskonferansen for seg dagsaktuelle tema innan geopolitikk, sikkerheit og beredskap, og korleis dette påverkar næringslivet vårt, seier dagleg leiar i Nordre Innovasjonsforum, Inger Synnøve Remme, i ei pressemelding.
Eit av dei store namna på talarlista for årets konferanse er statsvitar og tidlegare stortingsrepresentant Jette Christensen.
I dag er ho utanriks- og sikkerheitsanalytikar i Altinget, og kjem til Haramskonferansen for å snakke om internasjonal sikkerheitspolitikk og korleis dette påverkar Norge og norsk næringsliv.
– Når det geopolitiske klimaet endrar seg, påverkar det norsk næringsliv, kvardagsliv og politikk. Difor er det viktig å ikkje berre sjå på enkeltsakene, men stoppe opp, identifisere målet med dei og snakke om korleis vi bør navigere. Eg er takksam for å få bidra til det på Haramskonferansen og ser fram til gode diskusjonar, seier Jette Christensen.
Det blir også eit innblikk i korleis næringslivet lokalt riggar seg sjølv og resten av landet for kriser. Blant anna kjem dagleg leiar i Vard Group AS, Cathrine Kristiseter Marti, for å fortelje om Vard sine erfaringar med levering til forsvaret og korleis dei sjølv arbeider med beredskap.
Leiar for næringskomiteen og næringspolitisk talsperson for Arbeiderpartiet, Rune Støstad, kjem også til Haramskonferansen. Han skal leggje fram regjeringa sin plan for næringsutvikling og vekst.
I tillegg kjem blant andre Roy Reite i Nogva og Trond Bjørnøy i Norvestor for å snakke om næringsutvikling, investering og vekst i lokale næringar.
Publisert: 22.01.2026 14:37
Sist oppdatert: 22.01.2026 15:45





