Kort fortalt
Sikra kontraktar på 60 millioner
Furene vann femårig oppdrag med Nav.
16.05.2024
Arbeids- og inkluderingsverksemda Furene Utvikling i Volda har vunne tre kontraktar med Nav Møre og Romsdal. Kontraktane vart vunne i ein offenleg anbodskonkurranse og gjeld for fem år.
Oppdraga gjeld Avklaring, Arbeidsretta rehabilitering og Oppfølging og omfattar kommunane Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Herøy og Volda.
– Med dette stadfestar Furene sin posisjon som ei leiande arbeids- og inkluderingsverksemd. Og, ikkje minst sikrar det at vi kan halde fram med å utvikle vår kompetanse og vårt gode samarbeid med Nav og arbeidslivet i regionen vår, seier administrerande direktør Inge-Jonny Hide i Furene i ei pressemelding.
Publisert: 16.05.2024 07:50
Sist oppdatert: 16.05.2024 09:51