Sindre Kvalheim er dagleg leiar i Bifrost Egde, selskapet som vil bygge datasenteret, skriv Dagens Næringsliv.
Bifrost Egde har hovudkontoradresse i Måløy, der Kvalheim og fleire andre investorar i Nordfjord var med å bygge opp datasenterselskapet Lefdal Mine Datacenter i den tidlegare olivingruva i Lefdal ved Nordfjorden.
Lefdal Mine vart seld til eit amerikanske fond i 2020, men no er Kvalheim i gang med nye datasenterplanar.
Planen er å bygge på eit 800 mål stor tomt utanfor Arendal.
Kvalheim seier til avisa at partane bak datasenterplanen er inne i ei finansieringsrunde for å reise kapital, samstundes med at det blir arbeidd med dei tekniske planane og me dpå søkje om straum.
Med på laget er blant andre tidligere Freyr-sjef Tom Einar Jensen, som hadde i nøkkelrolle i dei havarerte planene om en stor batterifabrikk i Mo i Rana.
Publisert: 28.08.2025 18:23
Sist oppdatert: 28.08.2025 18:23






