Fylkesordførar Anders Riise var nyleg invitert til å delta på OECD Urban Days i Paris, ei samling for leiarar frå europeiske byar og regionar. Der vart Møre og Romsdal løfta fram som ein av dei mest framtidsretta regionane i Europa, takka vere arbeidet med sirkulærøkonomi og betre bruk av ressursar.
Under samlinga i Paris lanserte OECD ein samla rapport om sirkulærøkonomi i EU i samarbeid med EU-kommisjonen sitt Circular Cities and Regions Initiative (CCRI), der Møre og Romsdal er ein av 10 europeiske regionar som er analysert. Dette er eit resultat av to års samarbeid der OECD har kartlagt regionane og gitt klare råd om korleis vi kan redusere sløsing og bruke ressursane våre betre.
Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider spesielt med kompetanseheving på offentlege innkjøp, som pådrivar for etablering av ombrukssentralar og sirkulære verdikjeder, og med sirkulære hubar basert på råda frå OECD.
– Sirkulærøkonomi handlar om å ta vare på ressursane våre og unngå sløsing. Vi må tenke nytt, samarbeide meir og bruke det vi har på ein smartare måte, seier Solveig Stornes, som arbeider med sirkulærøkonomi i fylket.
Publisert: 28.04.2025 16:54
Sist oppdatert: 28.04.2025 16:54





