Kort fortalt

Siv Jensen går av som leiar

Peikar på Listhaug som etterfølgjer.

NPK
18.02.2021

(NPK-NTB-Kenneth Kandolf Haug): Siv Jensen kunngjorde torsdag ettermiddag at ho går av som leiar for Framstegspartiet etter 15 år i posten. Ho tek ikkje attval ved landsmøtet i mai.

Meldinga slo ned som ei bombe i det politiske Noreg torsdag ettermiddag. Framstegspartiet kalla inn til pressekonferanse på mindre enn ein times varsel.

– Eg har gradvis komme fram til erkjenninga av at eg vil vere meir tante-Siv, søster-Siv, og eg vil bruke meir tid med mamma. Ikkje berre vere Frp-Siv, seier Jensen i ei pressemelding frå Framstegspartiet.

Jensen har sete på Stortinget for Oslo sidan 1997, og tok over som partileiar for Carl I. Hagen i 2006. Ho tok Framstegspartiet inn i regjering for første gongen i 2013 og sat som finansminister til Frp forlét regjeringa i 2020.

Peikar på Listhaug
Jensen rår til at Sylvi Listhaug blir den neste leiaren av partiet, sjølv om ho presiserer at ho ikkje kan velje etterfølgjaren sin. I tillegg rår ho til at Ketil Solvik-Olsen blir første nestleiar.

– Eg er overtydd om at Sylvi og Ketil er riktige val som leiar og 1. nestleiar no. Partiet treng samling og stø kurs, vere eitt lag med breidd og tyngde.

Framstegspartiet har slite på målingane dei siste månadene, men Jensen seier det berre har gitt henne motivasjon til å halde fram. Ho peikar i staden for på den altoppslukande livsstilen som ein grunn til å gi seg.

– Det er på tide at andre, som er villig til å jobbe natt og dag, året rundt for partiet, tek over stafettpinnen, seier Jensen.

Ville rydde i intern uro
Vinteren 2021 har Frp òg opplevd stor intern uro. 15. desember vart fylkesleiaren av partiet i Oslo, Geir Ugland Jacobsen, ekskludert.

– Eg ville òg bidra i omstillinga av partiet etter at vi gjekk ut av regjering. Vi har teke fleire organisatoriske og bemanningsmessige grep. Eg stikk ikkje av når det bles, og eg skal bidra i dei kommande månadene. Framstegspartiet kjem alltid til å vere i hjarta mitt, seier Jensen.

(©NPK)

Publisert: 18.02.2021 18:44

Sist oppdatert: 18.02.2021 19:34

Mer om