Kort fortalt

Sjefen kan ikkje gå med shorts

Mange synest det er greitt med shorts på jobb, men ikkje for sjefen.

16.07.2018
NPK-NTB: Dei fleste meiner det er greitt for menn å gå med shorts på jobb, rett nok viss ein ikkje er leiar, viser ein undersøking Ipsos har gjort for Dagbladet.
Medan sommarvarmen herjar og mange kanskje slit med krav frå arbeidsgivaren om lange bukser, har Ipsos stilt 1.001 personar spørsmålet om shorts kan vere greitt.
21 prosent svarer at det må vere i orden, uansett arbeidsoppgåver. 45 prosent meiner det må vere heilt i orden dersom ein ikkje har leiarstilling eller klientmøte, medan 12 prosent av dei spurde ikkje har noko meining, skriv Dagbladet.
Samtidig svarer berre 9 prosent av dei mellom 60 og 99 år at det er greitt uansett arbeidsoppgåve eller stilling og 38 prosent i denne aldersgruppa svarer ja dersom ein ikkje har ei leiarstilling eller har klientmøte.
Blant den yngre garde er det meir akseptabelt med kortbukser på jobben. 18 prosent seier det er greitt uansett, medan halvparten seier det må vere greitt så lenge ein ikkje er i leiarstilling eller har klientmøte. Menn og kvinner svarer omtrent likt.
Sjefredaktøren i danske Jyllands-Posten skapte debatt i mai då han i ein e-post til dei tilsette forbaud kortbukser. Her heime fekk raudt-politikar Erling Folkvord meir merksemd om klesdrakta sin enn om temaet då han stilte til TV 2-debatt om Midtausten og konfliktområde iført shorts og singlet.

Publisert: 16.07.2018 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38