Kort fortalt

Sjefen ser deg

Mange næringslivsleiarar les e-posten til tilsette.

28.05.2019
NPK-NTB: Ei ny undersøking viser at norske næringslivsleiarar overvaker kva nettstader dei tilsette besøker og at éin av fem snokar i innboksen, skriv DN.
Leiarane har i tillegg elektroniske system for å registrere tidsbruk.
Undersøkinga er gjort av Deloitte, og resultata er basert på svar frå 140 arbeidsgivarar, frå mellom anna offentleg sektor, finans, eigedom og teknologi.
Rundt 20 prosent av leiarane oppgir at dei har gått inn i e-posten til tilsette eller anna elektronisk material, medan éin av ti overvaker telefonbruk og to av ti seier dei har overvakt kva for nettsider tilsette besøkjer i arbeidstida.
Overvaking og bruk av kontrolltiltak blir regulert av arbeidsmiljølova. Ho krev at det skal vere sakleg grunn for kontrolltiltak, og at slike tiltak skal gjerast kjent for og drøftast med dei tilsette.
I undersøkinga oppgir 36,4 prosent av arbeidsgivarane at det ikkje er utarbeidd interne retningslinjer.

Publisert: 28.05.2019 12:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34