Sjeføkonom: – Truleg ikkje rentekutt i år
Sentralbanksjefen ventar uendra rente «ei god stund» framover.
(NPK-NTB): Noregs Bank gjer som venta ingen endringar og held styringsrenta på 4,5 prosent.
– Slik vi no vurderer utsiktene, vil renta truleg haldast på dagens nivå ei god stund framover, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache i ei pressemelding offentleggjort klokka 10 fredag.
Samtidig skriv sentralbanken at informasjon banken har no, indikerer at det kan bli behov for å halde renta oppe noko lenger enn banken tidlegare såg for seg.
Sentralbanksjefen gjorde greie for grunngivinga og det økonomiske bakteppet på ein pressekonferanse som starta klokka 10.30.
Sjå pressekonferansen (ekstern lenke)
– Truleg ikkje rentekutt i år
Sjeføkonom Elisabeth Holvik i Sparebank 1 meiner dagens melding frå sentralbanksjefen betyr at det er liten sjanse for at rente blir sett nedi år.
Ho viser til argumenta til sentralbanksjefen om framleis høg prisvekst og ein lønnsvekst som blei høgare enn venta.
– Det blir med andre ord truleg ikkje rentekutt i år, er Holvik sin konklusjon.
Understrekar at det er stor uvisse
Noregs Bank understrekar at det er uvisse om dei økonomiske utsiktene, og kom ikkje med noko ny tidsliinje for kva tid renta er venta å bli sett ned.
Sidan førre rapport har prisveksten vore litt lågare enn anslått, men samtidig har den økonomiske aktiviteten vore litt høgare enn venta, og lønnsveksten kan sjå ut til å bli litt høgare enn anslått.
– Dersom vi får ei kraftigare oppbremsing i norsk økonomi, eller det blir utsikter til at prisveksten kjem raskare ned til målet, kan renta bli sett ned tidlegare enn vi såg for oss i mars, står det vidare i meldinga frå sentralbanken.
Publisert: 03.05.2024 10:30
Sist oppdatert: 03.05.2024 11:14