Kort fortalt

Sjeldan funn ved Sunnmørsalpane

Fann 3000 år gamalt reingevir ved Leirvasshornet mellom Øye og Stranda.

NPK
24.01.2022

Eit gevir frå bronsealderen tyder på at reinsdyra har levd i stupbratte vestlandsfjell nær kysten. No ber forskarane turfolk om hjelp til å oppdage nye funn ved brekanten.

I haust gjorde fjellturisten Thomas Skogvold eit unikt funn på tur opp til den 1533 meter høge toppen Leirvasshornet i Sunnmørsalpane, skriv NRK Møre og Romsdal.

No er det klart at geviret har lege trygt bevart under isen i rundt 3000 år, ifølgje dateringa NTNU har gjort.

Det spesielle er at det aldri har vore funne gevir så langt vest på Sunnmøre. Det er også det første på denne sida av den 110 kilometer lange Storfjorden, som ender i Geiranger.

– Det er frykteleg spennande at vi kan sjå kor reinen har vore i tidlegare tider og lære korleis dei har brukt areala i Noreg, seier arkeolog Runar Hole.

Publisert: 24.01.2022 12:54

Sist oppdatert: 24.01.2022 12:55