Kort fortalt

Sju millionar til biomarin innovasjon

Støtte til Arctic Algae, Sintef Nordvest og Tjeldbergodden Utvikling.

NPK
02.02.2026

NPK: Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt tilsegn om støtte til tre større forskingsbaserte innovasjonsprosjekt.

Pengane kjem frå Marint verdiskapings- og miljøsikringsfond og er retta mot det biomarine næringslivet i fylket. Dei tre prosjekta fekk til saman sju millionar kroner i støtte, heiter det i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Sintef Nordvest i Ålesund for 2,5 millionar til å utvikle ei berekraftig verdikjede for norsk skate saman med fleire fiskeribedrifter. Skate er ein lite nytta bifangst frå lineflåten. Prosjektet skal undersøkje korleis råstoffet kan nyttast til mat, kosttilskot, kosmetikk og andre høgverdiprodukt.

Arctic Algae AS i Ørsta får 2,5 millionar kroner til å utvikle ei skalerbar og dyrevelferdsvenleg vaksineplattform basert på mikroalgar. Ein genetisk modifisert modellalge blir dyrka under optimaliserte forhold utan å øydeleggje antigenet.

Tjeldbergodden Utvikling AS får to millionar. Dei skal sjå på potensialet for å produsere næringsrike mikroalgar basert på CO2-rik fabrikkrøyk og spillvarme frå metanolfabrikken der. Mikroalgar tek opp CO2 og omformar dei til viktige næringsstoff.

Publisert: 02.02.2026 14:55

Sist oppdatert: 02.02.2026 14:55