Sju nye smittetilfelle i Ålesund
Dei fleste stammar frå Toldboden-utbrotet.
Ålesund kommune har måndag fått melding om sju smittetilfelle med koronavirus.
To har relasjon til utbrotet ved Vard Brattvaag og det er totalt 18 smitta knytt til dette utbrotet. 17 av desse er arbeidarar ved verftet. Fem andre smitta er relatert til eit pågåande utbrot ved Jugendbyen barnehage i Ålesund.
Måndag blei arbeidet ved Brattvåg-verftet så smått starta opp att, ifølgje kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll i Vard.
Det var ein leverandør som hadde vore på oppdrag ved verftet som første testa positivt, men kjelda for utbrotet er så langt ukjent.
– Alle andre smittetilfelle som vi no arbeider med, har sannsynleg eller sikker tilknyting til massesmitte-hendinga ved Toldboden helga 17.-18. april. Det gjeld óg utbrotet ved Subsea 7, heiter det i meldinga.
Det totale talet på talet på smitta relatert til Toldboden no er over 100 personar.
Publisert: 04.05.2021 11:40
Sist oppdatert: 04.05.2021 13:31