Kort fortalt

Sjukehuskontrakt til Skanska

Skal byggje sjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

08.10.2019
NPK: Skanska skal byggje det nye akuttsjukehuset på Nordmøre i Møre og Romsdal. Oppdragsgivar er Helse Møre og Romsdal.
Oppdraget har ein kontrakt på 2,1 milliardar kroner og sjukehuset skal etter planen vere i drift første halvår i 2024. Prosjektet har planlagt start hausten 2020.
Helseføretaket fekk ingen klager frå dei andre tilbydarane, og dermed er det Skanska som skal byggje sjukehuset.
Akuttsjukehuset skal liggje på Hjelset i Molde kommune.

Publisert: 08.10.2019 07:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32