Kort fortalt

Sjå hummarteine minutt for minutt

Havforskingsinstituttet sender live frå havbotnen.

NPK
02.10.2023

(NPK): For ellevte året på rad, sender Havforskingsinstituttet (HI) live frå hummarteina på havbotnen og i ti dagar kan du følge med på kva som rører seg der nede.

Søndag 1. oktober starta live-sendinga frå hummarteina utanfor forskingsstasjonen til HI i Flødevigen. Der følger kameraa aktiviteten i og rundt ei hummarteine i over ei veke framover.

Hummarteina ligg i eit hummarreservat og målet er å registrere, måle og vege eventuelle humrar som er på besøk. Dei vert henta inn kvar dag for registrering, for så å bli ut att i sjøen.

Havforskingsinstituttet har over 15 år med data frå hummarreservatet. Allereie registrerte humrar blir henta opp og forskarar samanliknar vekt, lengde og breidda på knusekloa og sjekkar kor vidt dei har skadar på klørne eller om ei hoe har hatt rogn. Nye besøkjande avlegg genprøve og vert merkte.

(©NPK)

Publisert: 02.10.2023 11:17

Sist oppdatert: 02.10.2023 11:17

Mer om