NPK: Regjeringa vil endre loslova slik at lospliktige skip kan segle autonomt langs kysten.
Samferdselsdepartementet foreslår å endre loslova slik at skip som vil segle autonomt langs kysten utan los eller styrmann med farleibevis, kan søkje Kystverket om løyve til dette i eit bestemt område. Målet er å fjerne hindra for autonom kystfart i lovverket.
– Den grunnleggjande føresetnaden for framlegget er at sjøtryggleiken både for dei aktuelle fartøya og annan trafikk i farvatnet skal takast vare på, skriv departementet i eit høyringsnotat om endringsforslaget.
Departementet meiner at autonom kystfart etter løyve skal vere eit fullgodt tredje alternativ til los og farleibevis for lospliktige skip. Vilkåra for å få løyve skal mellom anna vere at reiarlaget gjennom trinnvis uttesting kan dokumentere at skipet kan navigere trygt i det aktuelle området, heiter det i høyringsnotatet.
Samferdselsdepartementet nyttar samtidig høvet til å forbetre språket i loslova, slik at ho blir lettare å forstå. Språket skal mellom anna gjerast kjønnsnøytralt.
Høyringsfristen for endringsframlegget er sett til 15. august.

Publisert: 30.04.2018 13:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39