Kort fortalt

Sjømat-auke

Opp to prosent i første tertial.

04.05.2018
NPK-NTB: Mengda eksportert sjømat var den same i dei fire første månadane i år som i fjor, men næringa tente 2 prosent meir på det som vart sendt ut av landet.
– Høge torske- og hyseprisar fortset å bidra til å trekke opp verdien på norsk sjømat. Trass i ein sesong med mykje godt vêr har lågare kvotar ført til lågare fangstar i år enn i fjor, seier analytikar i Sjømatrådet Ingrid Kristine Pettersen.
Noreg eksporterte 927.000 tonn sjømat for totalt 31,5 milliardar kroner første tertial. Volumet er på same nivå, mens verdien auka med 485 millionar kroner eller 2 prosent, samanlikna med dei fire første månadane i fjor. I april var eksportvolumet ned 4 prosent, mens verdiveksten var på 847 millionar kroner eller 12 prosent.
Det vart eksportert litt meir fersk, heil skrei i første tertial år enn i fjor, til høgare prisar. Det gjer at næringa har oppnådd ein eksportrekord for skrei med ein verdi på nesten 200 millionar kroner, ifølgje Pettersen.
Laksen er framleis Fastlands-Noregs mest populære eksportartikkel: Noreg eksporterte 320.000 tonn laks til ein verdi av 21 milliardar kroner hittil i år. Det er ein auke på 16.000 tonn eller 5 prosent. Verdien er på same nivå som i fjor.

Publisert: 04.05.2018 12:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39