Kort fortalt

Sjømatrådet skal kontrollerast

Riksrevisjonen etterlyser rapportering.

18.06.2018
NPK-NTB: Noregs sjømatråd skal gjennomgåast av Riksrevisjonen. Revisjonen meiner at rådet ikkje har rapportert godt nok på enkelte område.
– Kvart år plukkar vi ut fem-seks selskap for ei litt grundigare vurdering. For revisjonsåret 2018 har vi plukka ut Sjømatrådet, bekreftar ekspedisjonssjef Therese Johnsen i Riksrevisjonen overfor .
Johnsen opplyser at Riksrevisjonen etter å ha gjennomgått den vanlege revisjonen av rekneskap, økonomi, årsrapport og resultatrapportering har funne grunn til å gjennomføre ein grundigare gjennomgang.
– Noregs sjømatråd er eit heileigd statleg selskap, som har visse sektorpolitiske mål og skal drivast effektivt. Dei har ikkje rapportert så godt på desse måla sine, seier Johnsen.

Publisert: 18.06.2018 10:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38