Kort fortalt

Sjømatselskap dobla omsetninga

Ålesund-selskapet Seawest omsette for 670 millionar kroner i fjor.

22.03.2023

Dette er ei dobling frå året før, og selskapet har fleire år på rad dobla omsetninga. I 2018 var omsetninga på 30 millionar, året etter på 67 millionar og i 2020 på 126 millionar, før ein nådde 332 millionar i 2021 - og ny dobling i 2022.

Selskapet er heileigd av Stig Sætre og har fem tilsette.

Seawest foredlar og sel ulike fiskeprodukt, og har blant anna eit stort utval av laks.

Mesteparten av salet går til Europa, Asia og Nord-Amerika, men styret skriv at fleire av marknadene har vore prega av korona, men dette vart i fjor kompensert gjennom auka marknadsinnsats i andre marknader. Ein forventar likevel ikkje ny stor vekst i år, men at omsetninga vil liggje på 2022-nivå.

Selskapet har ein eigenkapital på 45,0 millionar kroner.

Seawest
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 670 332,6
Driftsresultat 49 28
Resultat før skatt 47,9 26

Publisert: 22.03.2023 11:44

Sist oppdatert: 22.03.2023 11:44

Mer om