NPK: Det er stor etterspurnad og gode prisar på sjøpølse. No er det von om at arten kan bli ein ny oppdrettsart i Noreg. Forskarane må først finne ut korleis ein får sjøpølsa til å formeire seg og vekse, skriv Tekfisk.
– Vi har så vidt byrja å tenkje på oppdrett. Men for å få til det, må vi vite litt om den tidlege biologien. Blant anna må vi få dei til å gyte i fangenskap, noko vi har klart, seier forskar Gyda Christophersen ved Møreforsking.
I Noreg er det brunpølse og raudpølse som kan bli kommersielt utnytta sjøpølsearter. Spesielt i Kina er etterspurnaden etter sjøpølse stor.

Publisert: 29.10.2018 10:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37