NPK: – Kva område som er utsette for flaum eller korleis byane bør planleggjast, er avhengig av oppdatert geografisk informasjon. Tilgang på geodata er avgjerande for at vi skal kunne handtere klimaendringar på ein god måte, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.
Torsdag vart den nye nasjonale geodatastrategien fram mot 2025 lansert. Strategien «Alt skjer et sted» skal vere eit hjelpemiddel for å sjå og utnytte moglegheitene geografisk informasjon gir.
I tillegg er det utarbeidd ein handlingsplan som konkret viser kva som skal gjerast for å nå måla som er sett i strategien.
– Mange aktørar i samfunnet er avhengig av geografisk informasjon. Kommunane treng det for å førebyggje og handtere klimaendringar, beredskapsaktørar treng det for å handtere kriser raskt og riktig, det er viktig for god byutvikling, for at næringslivet kan omstille seg og for innovasjon i offentleg sektor, seier Mæland.
Målet er at Noreg skal vere leiande i bruk av geografisk informasjon.
– For å lykkast må vi bli endå flinkare til å samarbeide på tvers av sektorar, seier Mæland.

Publisert: 01.11.2018 14:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36