Havyard Leirvik skal bygge om bil- og passasjerferja MV Veøy. Fjord1-ferja skal vere klar for sommertrafikken på Geirangerfjorden neste år.
Oppdraget omfattar bytte av motor. Ferja må gjennom ei ombygging for å innfri krava på sambandet Hellesylt- Geiranger, ifølgje ei pressemelding frå Havyard.
Pressemeldingan opplyser ikkje kva Fjord1 skal betale for ombygginga.
Publisert: 31.10.2022 14:32
Sist oppdatert: 31.10.2022 14:37