Kort fortalt

Skal forske på hjort

Søre Sunnmøre og Nordfjord er med.

NPK
20.10.2021


Det er sett av pengar til eit prosjekt som skal gi ny kunnskap om hjorten på Søre Sunnmøre og i Nordfjord.

Det er Nibio, Norsk institutt for bioøkonomi, som har styringa på prosjektet, og målet er å kartleggje korleis dyra bevegar seg, melder NRK Møre og Romsdal.

Denne kunnskapen vil vere svært nyttig i forvaltinga av ein svært stor hjortebestand i dette området, opplyser Nibio.

Kommunane som er med i prosjektet er Volda, Ørsta, Herøy, Ulstein, Hareid, Sande og Vanylven på Sunnmøre. I Sogn og Fjordane er kommunane Stad og Gloppen med på forskingsprosjektet.

I 2018 vart det til saman felt til saman 4308 hjortar i dei aktuelle kommunane.

<p>(©NPK)</p>

Publisert: 20.10.2021 15:51

Sist oppdatert: 20.10.2021 15:52