Kort fortalt

Skal gjenvinne oppdrettsnøter

Selskapet Aquafil har fått patent på attvinning av kopar frå oppdrettsnøter.

NPK
12.01.2023

Dette går fram av ei pressemelding frå Nofir og Aquafil. Aquafil er ein del av det italienske storselskapet Aquafil Group, og selskapet fortel at ein i dag kan materialattvinne meir enn nokon gong tidlegare.

– At sjølv koparen frå opphavsnøter no kan vinnast att er ein stor siger både i berekraft og eit forretnings-perspektiv. Koparen får eit nytt liv i mange ulike næringar som treng det, seier Øistein Aleksandersen, dagleg leiar i Nofir, ifølgje Ilaks.no.

Han legg til at oppdrettsnæringa, frå notbøtar til servicearbeidar og oppdrettar, kan sove trygt om natta, vel vitande om at reiskapane dei lagar, behandlar og brukar minst mogleg miljøverknad når dei skal kasserast. Han peikar på at kopar er svært ettertrakta i marknaden.

Aleksandersen fortel at kopar-impregnering av nøter har vore ei utfordring lenge.

– Nylonnøter er ein kjempebra ressurs, men nye EU-reglar førte i 2018 til store vanskar for oss som vinn att denne typen nøter. Det tok tid å tilpasse seg byråkratiet. Men vi samlar no inn for ro fullt, og vi er glade for at både nylonet og koparen kan vinnast att, seier han.

Publisert: 12.01.2023 17:47

Sist oppdatert: 12.01.2023 17:48

Mer om