Kort fortalt

Skal gjere cruisenæringa grønare

Pengar til maritim klynge.

18.10.2018
NPK: NCE Maritime CleanTech har fått 580.000 kroner frå Design og arkitektur Norge (DOGA) til å utvikla eit konsept som skal gjera cruisenæringa grønare og smartare.
– Teknologisk sett har me alle moglegheiter for å gjera Noreg til verdas grønaste reisemål, seier dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech.
Talet på cruiseturistar til Noreg har auka frå om lag. 200.000 til nær 700.000 dei siste 15 åra. Medan utsleppa frå skipsfarten generelt går ned, peikar pila oppover for cruiseindustrien, skriv NCE Maritime CleanTech på deira.
Den maritime klynga med hovudkontor på Stord i Hordaland, meiner det er eit stort behov for å utvikla meir berekraftige cruisekonsept.
– Målet vårt er å synleggjera korleis ein kan redusera klima- og miljøavtrykket til cruiseskipa. Konseptet skal også gjera cruisenæringa i stand til å imøtekomma nye krav, som til dømes nullutslepp i fjordane innan 2026, seier Økland.

Publisert: 18.10.2018 15:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37