Kort fortalt

Skal hjelpe lokalmatbedrifter til vekst

Nytt kompetansetilbod frå Innovasjon Noreg.

NPK
19.01.2024

(NPK): Norske lokalmat-bedrifter skal få hjelp til å nå vekstmåla sine gjennom eit nytt kompetansetilbod frå Innovasjon Noreg.

Tilbodet vil vere for lokalmatbedrifter med fem millionar kroner i omsetnad, og som har ambisjonar om 50 prosent vekst innan tre år. Programmet passar for bedrifter med både nasjonale og internasjonale vekstambisjonar, opplyser Innovasjon Noreg.

– Vekstfasen er krevjande, og vi veit at bedrifter som får tilført kompetanse saman med finansiering, har betre føresetnader for å lykkast, fortel administrerande direktør i Innovasjon Noreg, Håkon Haugli i ei pressemelding.

Planen er å pilotere programmet med åtte bedrifter, allereie no i 2024.

(©NPK)

Publisert: 19.01.2024 10:30

Sist oppdatert: 19.01.2024 10:30

Mer om