Skal kartlegge geologiske ressursar
NGU står bak kartlegginga.
Noregs geologiske undersøking (NGU) har inngått ein samarbeidsavtale med Møre og Romsdal fylkeskommune om kartlegging av dei geologiske ressursane i fylket. Arbeidet startar i slutten av mai.
Avtalen omfattar undersøkingar av mineralpotensialet for jern, titan, vanadium og andre mineralske ressursar, vurdering av moglegheiter for eksportretta pukkproduksjon, kartlegging av geologisk arv for mellom anna reiselivet, og dessutan geokjemiske undersøkingar.
Avtalen gjeld frå 1. mai i år og har ein samla verdi på 15 millionar kroner over tre år, der utgiftene blir fordelte med 7,5 millionar kroner på kvar part.
– Samfunnet er i ferd med å omstille seg for det grøne skiftet med fornybar energi og forbetra teknologi. Omstillinga krev tilgang på både fleire og nye mineral og metall, forklarer seksjonsleiar Kari Aslaksen Aasly og avdelingsdirektør Henrik Schiellerup ved NGU i ei pressemelding. Dei to skal leie NGUs arbeid på Nordvestlandet.
Publisert: 09.05.2022 15:59
Sist oppdatert: 09.05.2022 16:00