Kort fortalt

Skal kartlegge grøne prosjekt

Rapprot for Møre og Romsdal klar i juni.

05.02.2024

Fylkeskommunen har gitt Innovasjon Norge Møre og Romsdal i oppdrag å kartlegge grøne og sirkulære prosjekt som har stort vekst- og skaleringspotensial i regionen, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding. Kartlegginga er ein del av Grønt Industriløft Møre og Romsdal, som er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen og Innovasjon Norge.

Kartlegginga skal munne ut i ein rapport som skal vere klar i juni.

NETTNO har bedt om definisjonen på grøne og sirkulære prosjekt. Det er "prosjekt som kan skape verdi med mindre bruk av ressurser - hovedsakelig med mindre bruk av primære materialer og fossil energi, i hele verdikjeden sett under ett. Hva som er grønt nok vil endres over tid, og der må vi som samfunn flytte normen.", ifølgje Innovasjon Norge.

– Vi ønsker innspel frå sentrale næringsaktørar og pådrivarar for nye satsingar: Kvar bør Møre og Romsdal satse, kva er utfordringane og kva prosjekt skal vi løfte fram, seier rådgivar Martin Ose i Møre og Romsdal fylkeskommune og prosjektleiar Hedda Krogstad i Innovasjon Norge i pressemeldinga.

Publisert: 05.02.2024 14:07

Sist oppdatert: 05.02.2024 16:27

Mer om