(NPK): Ålesund kommune skal kartleggje kor mange turistar byen kan tole.
Det er selskapet PricewaterhouseCoopers (PwC) i Stryn som skal gjennomføre ei grundig tolegrenseanalyse av Ålesund som reisemål, melder kommunen.
Analysen skal finne ut korleis byen handterer presset frå turisme, og kome med tilrådingar om eit berekraftig nivå av besøkande. PwC skal sjå nærare på korleis kommunen kan finne ein balanse mellom aukande turisme og omsyn til miljø, lokalsamfunn og økonomisk berekraft.
Les også
Ein viktig del av arbeidet blir å analysere ulike typar tilreisande, som cruiseturistar, bubilgjester, konferansedeltakarar og hotellgjester. Selskapet skal vurdere korleis desse ulike gjestegruppene påverkar kommunen på forskjellige måtar.
Prosjektet startar i september og skal vere ferdig innan utgangen av februar neste år.
(©NPK)
Publisert: 16.09.2025 10:19
Sist oppdatert: 16.09.2025 10:19






