Skal lære av Fjord og Stranda
Europeisk ungdom skal lære om sunnmørsk reiseliv.
Kommunane Fjord og Stranda på Sunnmøre får denne veka besøk av ei gruppe europeiske ungdommar for å lære korleis dei kan skape seg arbeid innan reiseliv.
Det er 25 ungdommar frå Kypros, Kroatia, Hellas, Italia, Portugal, Estland og Spania som kjem på studietur til Møre og Romsdal for å få idear og inspirasjon til korleis dei kan etablere eigen grøn arbeidsplass i heimlandet. Temaet for studieturen er berekraftig reiseliv.
– Gjennom tre dagar skal vi vise fram nokre av dei beste reiselivskonsepta i Valldal og Geiranger, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Arne Håkon Sandnes i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Sandnes er prosjektleiar for EØS-prosjektet YENESIS.
Ungdommane, som er i alderen 23–30 år, kjem frå øysamfunn i Europa, der utfordringa for unge vaksne er å finne relevant arbeid med utgangspunkt i eiga utdanning.
Publisert: 10.05.2022 16:32
Sist oppdatert: 10.05.2022 16:33