NTB Z2 U9y E4bd28 1
BLIR ULOVLEG: Cruiseskipet Viking Sky var på full fart mot land etter at det mista all motorkraft utanfor Hustadvika i Møre og Romsdal den 23. mars 2019. No kjem reglar for å stoppe seglas under slike tilhøve.Foto: Frank Einar Vatne / NTB / NPK
Kort fortalt

Skal stoppe cruisetrafikk i farleg ver

Det er ikkje nok beredskap til å redde alle passasjerane om det går gale.

NPK
10.01.2025

NPK: Nye reglar skal forby cruiseskip å segle gjennom vêrharde havstrekk.

Dei nye reglane kjem i lys av cruisekrisa då skipet «Viking Sky» dreiv mot land fordi motorane svikta i heftig uver utanfor Hustadvika i Møre og Romsdal i 2019.

Grunnen til forbodet er at det ikkje nok beredskap til å redde alle passasjerane på dei store skipa. På Viking Sky var det 1373 personar om bord. Dei største skipa har plass til over 7000 menneske.

– Vi klarer ikkje å dimensjonere ein beredskap for eit verste fall-scenario. Derfor må vi jobbe førebyggjande, seier Arve Dimmen i Kystverket til NRK

Er vêrmeldinga dårleg, blir det forbode for svære cruiseskip å segle gjennom vêrharde havstrekk. Då må skipa ta lange omvegar, eller rett og slett vente på betre vêr.

Forslaget gjeld havområda ved Stad i Vestland, Hustadvika i Møre og Romsdal, Folda i Trøndelag, Fugløykalven i Troms og Sørøya og Honningsvåg i Finnmark.

Ingen store cruise-aktørar som NRK snakka med, ville seie kva dei meiner om forslaget. Høyringsfristen er 15. april, og forskriftsendringa er planlagt å tre i kraft 1. juli.

Det gjekk elles bra med passasjerane på Viking Sky. 479 av dei blei evakuerte med helikopter og dei 915 som blei igjen på skipet kom seg trygt til hamn i Molde.

Publisert: 10.01.2025 12:21

Sist oppdatert: 10.01.2025 12:21