Kort fortalt

Skattevekst for kommunane i fjor

Rekordår, ifølgje SSB.

NPK
19.01.2023

(NPK): Nye tal viser at kommunane fekk ein ekstra skattevekst på nær 35 milliardar kroner i 2022. Av dette får kommunane behalde 22,8 milliardar kroner. Det er det høgaste talet nokosinne.

Torsdag 19. januar publiserte Statistisk sentralbyrå rekneskapstal for inntektene til kommunesektoren frå skatt på inntekt, formue og naturressursskatt i 2022. Desse skatteinntektene utgjer om lag 40 prosent av inntektene til kommunane. Dei ferske tala viser at skatteinngangen i 2022 for kommunesektoren vart rundt 265,4 milliardar kroner, skriv Kommunal- og distriktsdepartementet.

– Kommunane disponerer midlane fritt. For mange kommunar vil ein stor del av dei ekstra skatteinntektene gå med til å dekke opp for ein høg kostnadsvekst. Likevel vil sektoren venteleg sitte at med fleire milliardar kroner i auka handlingsrom i 2022, i tillegg til den veksten som regjeringa allereie hadde lagt til rette for i budsjettet for 2022, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Meirskatteveksten i 2022 kjem truleg av fleire forhold utover fleire sysselsette og høgare personinntekter. Kommunane har hatt store uventa forskot- og restskattar som følgje av høge kapitalinntekter i 2021.

Ein stor del av meirskatteveksten er ekstraordinære skatteinntekter i 2022, som ikkje gjev grunnlag for varig høgare skatteinntekter. Samla vart meirskatteveksten i 2022 på 34,9 milliardar kroner i 2022 samanlikna med saldert budsjett 2022. Sett opp mot anslaga i nasjonalbudsjettet for 2023 er meirskatteveksten om lag 11,5 milliardar kroner.

(©NPK)

Publisert: 19.01.2023 11:05

Sist oppdatert: 19.01.2023 11:07

Mer om