Ikkje sidan 2016 har ein skote like mykje kval som det har blitt i år. Likevel går tala for butikksal av kvalkjøtt nedover.
Etter at årets kvalfangstsesong er over, viser resultatet at det har blitt skote til saman 575 vågekval. Dette er ein auke frå 503 dyr i fjor. Det skriv NRK Nordland.
Tal frå Flesland Markedsinformasjon, viser at nordmenn ikkje er like interesserte i å kjøpe kvalkjøtt. Ifølgje dei var innkjøpstala på 222 tonn i 2015, medan talet i 2020 låg på 164 tonn. Dette er om lag same tal som ein såg i 2010.
Lite interesse viser òg ei undersøking utført av Respons på vegner av dyrerettsorganisasjonen Noah. Undersøkinga viser at 55 prosent av nordmenn seier dei et kvalkjøtt, men berre to prosent seier dei et det ofte.
Publisert: 30.09.2021 10:01
Sist oppdatert: 30.09.2021 10:02