I 2021 selde møbelbutikken Skeidar i Hovdebygda i Ørsta for 21 millionar kroner. Butikken fekk aldri oppsvignet store deler av møbelhandelen fekk då koronapandemien kom i 2020 og i 2024 var inntektene redusert til 13,5 millionar kroner. Frå og med 2019 har butikken også gått med underskot kvart år. I 2024 var resultatet før skatt minus 2,4 millionar kroner.
Regionsjef Egil Iversen i Skeidar seier til avisa Møre-Nytt at Skeidar ikkje har lukkast med å skape eit godt nok grunnlag for lønsam drift framover. Han seier og at Skeidarkonsernet vi vil vurdere moglegheiter som kan oppstå i framtida, når det gjeld ei eventuell reetablering i Ørsta/Volda.
Skeidar held hus i bygget som inntil tidleg på 2000-talet husa ein butikk i Bohus-kjeda. Bohus reetablerte seg i Ørsta/Volda med butikk i trafikkknutepunktet Furene i 2024. Skeidar har også hatt konkurranse frå Møbelringen Ørsta, som har hatt vekst og gjennom fleire år også vore ein av dei mest lønsame møbelbutikkane på Sunnmøre.
Skeidarbutikken i Ørsta er eigd av Skeidarkonsernet, der tidlegare fotballspelar Martin Andresen er største eigar.
Publisert: 05.03.2026 11:18
Sist oppdatert: 05.03.2026 11:18






