Kort fortalt

Skipshydrogen frå Mongstad

Tre selskap bak planane.

NPK
14.09.2021

Det er planar om ein hydrogenfabrikk på Mongstad i Nordhordland. Den skal sikre utsleppsfri drift av moderne lasteskip langs kysten.

Anlegget skal basere seg på framstilling av såkalla grønt hydrogen. Det vil seie at hydrogen skal framstillast gjennom elektrolyse av vatn. Prislappen på fabrikken er anslagsvis ein milliard kroner, fortel Teknisk Ukeblad.

Dei tre selskapa, BKK, Equinor og Air Liquide står saman om prosjektet

Ifølgje Bjørn Sundland, prosjektleiar i det regionale energiselskapet BKK, skal anlegget byggjast i tre hovuddelar. Eininga som skal lage hydrogen blir eit elektrolyseanlegg som skal produsere hydrogen frå vatn ved hjelp av betydelege mengder elkraft. Ved sida av elektrolyse-eininga, skal ein byggje eininga som skal gjere hydrogen flytande ved minus 253 grader. I tillegg kjem utstyr og løysingar for transport og utskiping av det ferdige produktet, som i hovudsak skal seljast som drivstoff til skip.

Produksjonsstart er sett til 2024.

Publisert: 14.09.2021 10:16

Sist oppdatert: 14.09.2021 10:17

Mer om