NPK: Juks og lureri gjer at Statens vegvesen no føreslår at salsmelding for bil på papir må leverast personleg på trafikkstasjonen.
Sjølv om stadig fleire brukar sjølvbeteningsløysingar på nettet til eigarskifte av bil, får Vegvesenet framleis over 400.000 salsmeldingar på papir kvart år. Desse kan i dag sendast i posten, men svindel og misbruk gjer at Vegvesenet no skjerpar reglane og føreslår at slike papir berre blir godtekne når kjøpar og seljar møter opp personleg på ein trafikkstasjon og dokumenterer identiteten sin.
– I tillegg til falske signaturar har det blitt avdekt både ID-misbruk, urett identitet, svart omsetnad av køyretøy og skatteunndraging, seier direktør Bodil Rønning Dreyer for Trafikant og køyretøy i Statens vegvesen.
Målet er at dei nye reglane skal gjera det vanskelegare å svindla.
Dreyer seier likevel at Vegvesenet helst ønskjer at flest mogleg brukar sjølvbeteningsløysingane for eigarskifte av køyretøy. Der må både kjøpar og seljar logga seg inn og bekrefta identiteten sin elektronisk.
Dersom dei nye reglane for salsmelding på papir blir vedtekne, vil dei ta til å gjelda første kvartal i 2019.

Publisert: 28.08.2018 15:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37