Kort fortalt

Skottelusa skal under lupa

Ikkje berre problem med lakselusa.

21.11.2018
NPK: Det er ikkje berre lakselus som lagar problem for oppdrettsnæringa. Skottelusa er heller ikkje lett å hanskast med, men ein veit for lite om arten. No lyser Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF) ut inntil ein million kroner til å samle erfaringar og kunnskap om skottelusa.
Havbruksnæringa har stort fokus på førebygging og kontroll av lus, med fokus på lakselus (Lepeophtheirus salmonis). Skottelusa (Caligus elongatus) har alltid vore der, men har i liten grad vore undersøkt. Den har «komme og blitt borte», utan å ha gitt store utfordringar. Derfor har ikkje arten fått like mykje merksemd som lakselus. Men med meir matfiskproduksjon i nordlege område av landet har ein tydeleg sett at også skottelusa kan vere problematisk på enkelte lokalitetar, opplyser
Det er manglande oversikt over omfanget av utfordringar med skottelus både i Nord-Noreg og resten av landet, og om korleis situasjonen utviklar seg. Forskarane veit for lite om biologien og vertstilpassinga til denne fiskelusarten, sjølv om det er kjent at dette er ei fiskelus som kan leve på minst 80 ulike fiskeartar.
Derfor kan FoU-miljø no søke om pengar til å finne ut meir om skottelusa. FHF lyser ut inntil ein million kroner for å få inn mest mogleg kunnskap om skottelusa.

Publisert: 21.11.2018 10:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36