Kort fortalt

Skreien har flytta seg nordover

På tampen av skreisesongen meiner sjefen for Råfisklaget at det er grunnlag for å seie at skreifisket er i endring.

NPK
13.04.2023

Dei siste åra har hovudtyngda i skreifisket flytta seg gradvis nordover. I 2020 var Lofoten klart størst, med nærmare 50.000 tonn fiskelandingar i vintermånadene. I 2021 tok Vesterålen over som største torskeregion, medan Troms tok over skreitoppen i 2022, ifølgje Fiskeribladet.

Hittil i år er det i Vest-Finnmark blitt landa mest fersk torsk. Vest-Finnmark er også den einaste regionen som ikkje har nedgang i landingane frå året før, viser tal frå Norges Råfisklag.

Likevel er det fiskekjøparane i Lofoten som betalar mest. Der ligg prisen over sju kroner meir for kiloet enn Vest-Finnmark. I snitt blei det betalt 49,17 kroner per kilo for torsk i Lofoten. Like bak kjem Vesterålen med 47,82 kroner kiloet.

Fiskarane i Finnmark får dårlegast betalt med 41,91 kroner per kilo sist veke.

Publisert: 13.04.2023 11:51

Sist oppdatert: 13.04.2023 11:51