NPK-NTB: Regjeringa bruker 238 milliardar kroner av oljefondet – 7 milliardar meir enn det som vart foreslått i statsbudsjettet. – Overraskande, seier ekspert.
Regjeringa aukar uttaksprosenten både i forhold til statsbudsjettet for i år og i forhold til uttaksprosenten i budsjettet i fjor – sjølv om det går betre i norsk økonomi no enn sidan oljeprisane stupte i 2014.
– Den høgare uttaksprosenten har mellom anna samanheng med at uroa i finansmarknadene i haust og vinter reduserte verdien av SPU, slik at fondet var omtrent 500 milliardar kroner lågare ved årsskiftet enn anslått i budsjettet i fjor haust, skriv Finansdepartementet i ei pressemelding.
Den auka pengebruken bidrar til å gi budsjettet ein offensiv vekstimpuls – korleis den offentlege pengebruken bidrar til å skape fart i økonomien – på 0,5 prosent. Regjeringa ventar at BNP for Fastlands-Noreg skal vekse med 2,7 prosent i år og 2,5 prosent neste år. Det er høgare enn den langsiktige trenden.
Sjeføkonom Kjersti Haugland DNB Markets er overraska over den auka pengebruken og det ho omtaler som «eit endå meir romsleg 2019-budsjett» enn statsbudsjettforslaget i fjor haust.
– Overraskande høg pengebruk og ekstra argument for Noregs Bank til å heve renta vidare! skriv ho på Twitter.

Publisert: 14.05.2019 11:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34