Kort fortalt

Skuldast for «kreativ bruk av data»

Sjømat Noreg kritisk til raudlisting av villaksen.

NPK
26.11.2021
(NPK): Sjømat Noreg seier det ikkje har vore meir laks i norske elvar på ti år. – Kreativ bruk av data og rapportane våre, svarar forskar.


Onsdag denne veka vart villaksen plassert på raudlista, der han blir karakterisert som trua. Dette skjedde etter at det lenge har vorte åtvara om at bestanden i havet er på veg ned.

Sjømat Noreg meiner at bestanden av villaks i norske elvar er stigande, og dei er forvirra over avgjerda til Artsdatabanken.

– Vi synest det er forunderleg at raudlistinga kjem i 2021, når bestanden dei siste fem åra har peika i rett retning, seier Henrik Wiedswang Horjen, kommunikasjonssjef i Sjømat Noreg til NRK Nordland.

Han viser til tal frå Vitskapleg råd for lakseforvalting (VRL), der det gå fram at innsiget av laks frå havet i 2020 var på rundt 553.000 individ, noko som er det største innsiget sidan 2006. Det er ein auke på 45,5 prosent på 11 år, seier han.

Torbjørn Forseth, leiar for VRL, seier til NRK at Sjømatrådet her har brukt deira data og rapportar kreativt. Han meiner innsiget av laks har vore lågt dei siste 14 åra.

– Trenden Sjømatrådet viser i figurane sine er ikkje ein trend som toler ein grundigare gjennomgang, seier han til NRK.

Forseth fortel at VRL har gått gjennom alle 450 laksebestandane i Noreg og vurdert tilstand og påverknad på dei.

Snorre Henriksen, senior rådgjevar i Artsdatabanken, slår fast at dei hadde gode grunnar til å raudliste villaksen. Han fortel at det årlege innsiget av vaksen laks mot elvane har hatt ein tilbakegang på 21 til 25 prosent dei siste 15 til 18 åra, og at det er grunnlaget for at villaksen no er raudlista.

(©NPK)

Publisert: 26.11.2021 10:30

Sist oppdatert: 26.11.2021 14:33

Mer om