NTB U9 Ryiu CN Rac
TARESKOG: Fargerik tareskog er vanleg i mange område, også på Sunnmøre. Foto: Jonas Thormar / Havforskingsinstituttet
Kort fortalt

Slik er havbotnen på Sunnmøre

Mange timar med videoopptak frå havbotnen på Sunnmøre blir no analysert for å lage eit kart som viser kva artar ein kan vente å finne i ulike område.

NPK
15.08.2022

– Først kjem fargerik tareskog, deretter ein bakke med rosa stein og til slutt dukkar blautbotnen opp – alle med kvar sine innbyggjarar og nokon som reiser fram og tilbake, skriv Havforskingsinstituttet i ei sak på nettsidene sine.

– Sjølv om blautbotnen ved første augekast kan sjå grå og litt kjedeleg ut, er den ein viktig og vanleg naturtype på Sunnmøre, fortel Barbro Taraldset Haugland, som mellom anna finn slimål på videoopptaka. Dei er ein del av prosjektet Marine grunnkart i kystsona, og ein kortversjon kan ein sjå på YouTube.

Bileta viser mange ulike artar, både av vegetasjon og dyr. Men forskarane ser også pløyespor av fiske med botntrål, tapte fiskereiskapar og søppel.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Kartverket, Noregs geologiske undersøking og Havforskingsinstituttet. Førebels er det eit pilotprosjekt som omfattar områda Stavanger, Ålesund/Giske og Skjervøy/Kvænangen, men det er søkt om at det skal bli eit nasjonalt program frå 2023.

Publisert: 15.08.2022 17:50

Sist oppdatert: 15.08.2022 17:52