– Nei, ingen svar, opplyser Frank Reite til Nett No på spørsmål om han fekk meir innsikt i dei grove skuldingane mot han i Solstad-søksmålet då han forklara seg i retten tysdag.
Sunnmøringen har i ei årrekke vore ein av Kjell Inge Røkke sine mest trufaste støttespelarar. I milliardsøksmålet Kistefos har anlagt mot Aker, Solstad-leiinga og meklarhuset Pareto, er Reite peika på som heilt sentral.
Mellom anna er han skulda for å opptrådd illojalt, misbrukt informasjon og vore aktlaus i rolla si som Solstad-representant.
«Ubegrunna og eit villspor», er karakteristikken Reite tidlegare har gitt søksmålet mot han.
Etterlyste forklaring
I retten måndag etterlyste han ei forklaring på kva saksøkjarane eigentleg meiner.
– Det hadde gjort det litt enklare viss nokon hadde greidd å forklare det på ein måte som gjorde at eg også forstod det, la han til då hans eigen advokat spurte han ut.
Etter at saksøkjarane sine advokatar var ferdig med si utspørring tysdag, vart han altså ikkje blitt noko klokare.
Store summar til Ålesund-selskap
Frank Reite har heilt frå 2016 Aker sin mann i Solstad-reiarlaget med plass i styret.
Frå 2019 hadde Ålesund-selskapet Converto oppdraget med å forvalte Aker sitt eigarskap i Solstad Offshore. Det endra seg ved refinansieringa i 2024 som striden i Oslo tingrett står om.
Då blei handteringa av eigarskapen løfta over i Aker – der konsernsjef Øyvind Eriksen fekk ansvaret for prosessen vidare.
For arbeidet vart det betalt 83 millionar kroner til Frank Reite sine selskap. I tillegg blei det gjort ein sluttavtale på 57 millionar kroner til Converto som skulle betalast gradvis fram til 2027.
Reite påpeika at beløpa skulle dekke alle selskapet sine kostnader med Solstad-oppdraget, og at kring fem personar var løpande involvert for å yte denne tenesta. Samla meinte han det knapt ville svare til ein advokatløn.
– Rett og slett er dårleg gjort
Advokatane til saksøkjarane makta aldri å sette fast Reite i hans forklaring tysdag.
Høgst temperatur blei det då han blei spurt om kva verdiar Reite hadde fått frå arbeidet for Aker – og kvifor han ikkje hadde ført opp ein opsjonsavtale på 350.000 Solstad-aksjar.
Reite understreka at det var opsjonar som «har vore kjent heile tida», og at han hadde ført opp kontantutbetalingar.
– Om du skuldar meg for å ha halde det tilbake, så synest eg det rett og slett er dårleg gjort, la han til.
Publisert: 19.11.2025 05:00
Sist oppdatert: 18.11.2025 23:08






