Kort fortalt

Slutt for brun pub

Har stengt dørene på Syvde.

Marius Rosbach
05.02.2024

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i Bryggen Syvde As etter at selskapet melde oppbod.

Vanylen-selskapet har drive det som blir omtala som ein brun pub på Facebook-sida deira. Same plass blei det opplyst at siste opningshelga for det som vart kalla Bakeriet Pub, var i slutten av januar.

Firmaet blei starta i 2016 og omsette for over éin million kroner i åra før pandemien. I 2020 til 2022 har omsetninga vore mellom 400.000 og 700.000 kroner.

Fire av dei fem siste rekneskapsåra har gått i minus. Gjelda i selskapet er opplyst å vere på kring 550.000 kroner og verdiane på under 20.000 kroner.

Verksemda er innstilt og hadde ingen tilsette då det blei meldt oppbod. Bustyrar i saka er Thore Heggen og første skiftesamling er 14. mars.

Publisert: 05.02.2024 11:59

Sist oppdatert: 05.02.2024 12:00

Mer om