rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Slutt for byggefirma etter nær 40 år

Melde oppbod med sju millionar i gjeld.

Marius Rosbach
25.04.2024

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i Sandøy Plastindustri etter at selskapet melde oppbod.

Ifølgje rettsavgjerda har selskapet sju millionar kroner i gjeld og verdiar for kring seks millionar.

Firmaet som blei starta i 1986 har tidlegare bygd båtar, men er no registrert innan produksjon av monteringsferdige hus. Dei seinare åra er det investert i bygging av rorbuer på Sandøya.

I det siste offentlege rekneskapen frå 2022, går det fram at eigenkapitalen er tapt. På det tidspunktet vart det jobba med fleire løysingar for å tilføre meir kapital og sikre vidare drift.

Bustyrar er Erik Nikolai Wexels Wold og første skiftesamling er 5. juni.

Publisert: 25.04.2024 10:38

Sist oppdatert: 25.04.2024 10:38

Mer om