Kort fortalt

Slutt for Campinglåven

Sykkylven-bedrift melde oppbod.

Marius Rosbach
11.01.2023

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i Campinglåven i Sykkylven.

Selskapet opplyste i retten at samla gjeld var på knappe 100.000 kroner og verdiane på rundt 40.000 kroner. Det har vore verksemd heilt fram til konkurstidspunktet, men ingen tilsette.

Sykkylven-selskapet har hatt nettbutikk med sal av utstyr for camping, bubilar og friluftsutstyr. I tillegg har dei dreve utleige og utvikla ei sokalla caravanrulle som har selt godt, ifølgje heimesida deira.

Rekneskapen for 2020 er det einaste som er levert for selskapet, som blei starta opp seint same år. Det viser eit inntekt på kring 15.000 kroner og eit resultat i minus.

Bustyrar i saka er Christian Garmann og første skiftesamling er planlagt 20. februar.

Publisert: 11.01.2023 20:37

Sist oppdatert: 11.01.2023 20:37

Mer om