Sunnmøre tingrett foto ogne
Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Slutt for design- og trykkeriverksemd

Melde oppbod etter nær 40 år i bransjen.

Marius Rosbach
09.02.2024

Tinde Design & Trykk i Ulstein er konkurs etter at firmaet melde oppbod til Møre og Romsdal tingrett.

Fredag vart det opna konkurs i selskapet som ikkje lengre hadde tilsette. Verksemda var også innstilt.

Ifølgje rettspapira har selskapet ei gjeld på nær 700.000 kroner og verdiar for drygt 200.000 kroner.

Selskapet har vore i den grafiske bransjen sidan 1985, og sprang i si tid ut frå lokalavisa Vikebladet. Selskapet blei skilt ut som Viketrykk og kjøpte mellom anna Egset Trykk i Volda.

I 2013 tok dei namnet Tinde Design & Trykk.

Rekneskapane viser at inntektene har peika nedover i fleire år for Tinde Trykk & Design. For kring ti år sidan låg omsetninga kring ti millionar, medan inntektene i 2022 stoppa på tre millionar.

Etter underskot i 2020 og 2021, gjekk drifta i pluss året etter. Då var samtidig eigenkapital i minus, går det fram av 2022-rekneskapen.

Bustyrar i saka er Linda Brevik og første skiftesamling er 18. mars.

Publisert: 09.02.2024 13:25

Sist oppdatert: 09.02.2024 13:25

Mer om