Kort fortalt
Slutt for Geiranger-bakeri
13 tilsette kan miste jobben.
30.10.2018
Selskapet Gb First, tidlegare Geiranger Bakeri, har meldt oppbod.
I tillegg til å ha utsal i Geiranger, har bakeriet hatt sal fleire andre stader på Sunnmøre, som Sykkylven, Stranda og Ørsta.
Selskapet omsette i 2017 for 6,3 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på minus 0,2 millionar.
Bustyrar er advokat Cathrin Myre Skram, og første skiftesamling er 10. desember i Sunnmøre tingrett.
Publisert: 30.10.2018 09:48
Sist oppdatert: 14.01.2023 00:16