Kort fortalt

Slutt for Herøy-bedrift

Konkurs etter fire år.

Marius Rosbach
17.06.2022
Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i Herøy-bedrifta Havsrå, etter at selskapet melde oppbod.

Selskapet som blei starta i 2018, skal ha hatt to tilsette.

Firmaet har dreve engroshandel med fisk, skalldyr og bløtdyr. Det siste offentlege rekneskapen frå 2020 viser ei omsetning på 23 millionar kroner og eit lite overskott. På det tidspunktet hadde firmaet kring 1,3 millionar i eigenkapital og drygt 2,1 millionar i gjeld.

Bustyrar er Kristine Grønbech Rolland Devold og første skiftesamling er 1. august.

Publisert: 17.06.2022 08:25

Sist oppdatert: 17.06.2022 08:26

Mer om